Friberg Kino Logo

Då planane for "Friberg Kino" starta

Har du undra deg over kor lenge det er sidan Friberg Kino vart starta, og korleis det starta?

Her finn du svaret!

Huset over vart brukt til forsamlingslokale før Ungdomshuset vart bygt. Biletet er frå tidleg på 1900-talet.
Balestrand Ungdomslag hogg skogen og bygde huset på dugnad i 1920.
Huset hadde høgt valmatak og stod der akvariet ligg i dag.
I sommarstida heldt lokale spelemenn konsertar for turistane.

I 1957 vart huset rive og flytta til Kaupangerskogen, der det i dag står som bedehus.
I staden bygde balestrendingane på dugnad eit nytt forsamlingshus - Bygdahuset.
Kjelde: NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

 

 

Lokalhistorikar og journalist Johs. B. Thue gjorde ei framifrå graving i gamle materiale, og med god hjelp frå Andreas Linde er historia om korleis det starta no blitt nedteikna..
Her er utdrag frå Johs. B. Thue si nedteikning.
Og lenger nede i teksten finn du meir om nyare histore, skrive av Atle Instebø i 2004. 
Kjetil Bakken

Det var rett etter krigen at eigen kino blei sett på dagsorden i ungdomslaga våre. Og ungdomslaga hadde heilt sidan tidleg på 1900-talet drive framseget mot nye radikale vegskilje. Men det var ikkje berre ungdomslaga som bar filmen fram som kulturtiltak. Fagforeiningane, særleg Arbeidsmandsforbundet, engasjerte seg såleis kraftig for at det skulle kjøpast inn filmutstyr, med tanke på lokale, mobile framsyningar på dei store kraftanlegga våre. Det skjedde også. Film var underhaldning, men også personleg utvikling.

Dessverre vantar mange bygder kultursoge. Derfor blir rekonstruksjonar av kultur-ovringane våre vanskelege, men her i Balestrand er det råd å få eit nokonlunde oversyn over dei stega som blei tekne før filmane flimra over teppet, kvar søndagskveld. Alt den 11. november 1946 valde ungdomslaget eit eige filmstyre. Drivkrafta i Balestrand var Andreas Linde, som lever enno. Med seg i styret elles hadde han Harald M. Bale, Jens K. Ese, Anders Teigen, Arne Bale og Kåre Linde. Det var altså eit mannssterkt styre, bortsett frå Tordis då,

Å driva film var ikkje noko ein berre byrja med i dei tider. Ein måtte ha konsesjon, og det fekk ungdomslaget i heradsstyremøte rett før jul i 1949. Etter opplysningar frå Andreas var det faktisk sokneprest, og prost i Ytre Sogn, Ragnvald Reed, som tala varmast for å gje konsesjon i heradsstyret. Reed representerte Venstre, og hadde radikale politiske meiningar. Blant kristenfolket elles i bygda blei nok film sett på som noko verdsleg og syndig som drog ungdommen bort frå Ordet. I tillegg var film noko nytt. Og alt nytt var i grunnen synd. Det var ei fast leiarstjerne.

Etter konsesjonsvilkåra skulle filmmaskinisten ha brev og papir i orden. Også det bei ordna. Nils Ese har alltid hatt god innsikt i det meste, og blei sjølvsagt også ein habil filmmaskinist. Det gamle ungdomshuset "Friberg" måtte forresten påbyggjast for å få plass og avstand til filmmaskinane. ;em grensene til huset var knappe, og for å utvida kom ein på annan manns grunn. Men grunneigar Sverre Eitungjerde og Andreas Linde blei snøgt samde. Ungdomslaget fekk utvida huset sitt, og kompensasjonen for dette var ein kinobilliett kvar framsyning. Verre var det ikkje når vener møttest.

Laurdag 10. juni 1950 kunne "Friberg Kino" opnast. Bygda hadde fått fast kino. Det var ein stolt formann Andreas som stod for velkomstorda. Han takka alle for det store arbeidet som var lagt ned i denne saka. Målet med fast kino var å få kulturtilbodet opp på eit høgre nivå enn det som reisekinoane hadde, sa Andreas. Han sa også at gode filmar ofte hadde vore nemnt som forklaring på kvifor så mykje landsungdom reiste inn til byane. I talen sin sa også Andreas at "Friberg Kino" kunne medverka til at dei som vaks opp i Balestrand ville trivast i bygda si. Å etblera ein eigen kino i ei bygd var altså ikkje berre eit rein kulturtiltak, men også ei distriktspolitisk motkraft, rett etter krigen.

Opningsfilmen i Balestrand denne juni-kvelden var "Hamlet". Målet for dei som stod bak filminitiativet, var alltid å syna kvalitetsfilmar, slik det også er i dag. I 1950-åra var det litt at eit under å sitja i Balestrand å sjå at god kunst kunne berast fram av store kunstnarar. Det er i grunnen eit lite under, også i dag. Vi går altfor lite på kino, dei fleste av oss.

Tekst: avskrift frå Johs. B. Thue

Kulturhuset vårt
skrive av Atle Instebø i 2004

 

 

Bygdahuset

Balestrand Bygdahus vart teke i bruk i 1962.
For ei lita bygd var dette eit stort løft, og alle var stolte over den nye storstova. Huset vart flittig brukt. I første halvdel av 1970-åra var Balestrand Statsrealskule nedlagd. Det frodige ungdomsmiljøet i Bygda var sterkt redusert. Det kan ikkje nektast for at dette også råka drifta av Bygdahuset. Heile bygda sto litt tafatt tilbake, kva skulle ein no gjere vidare?

Etter at Sygna vidaregåande skule etablerte seg her i 1984, vart situasjonen på ny endra. Ungdom frå heile landet fekk skuletilbod her.
Også vår eigen ungdom kunne ta med seg tre nye skuleår i hembygda. Som fylgje av dette vart tilboda i Bygdahuset både viktigare og meir etterspurde. Problemet var at huset var sterkt nedslite og lite attraktivt av den grunn.

 

Omorganisering
Tidleg på 1990-talet var Balestrand Bygdahus omorganisert på eigarsida. Balestrand Ungdomslag, som nokre år hadde hatt ansvaret for huset åleiene, makta ikkje dette lenger. Det vart difor skipa eit partlag (andelslag) som kunne ta over eigedomen og førestå drifta av huset. Saman med Ungdomslaget gjekk ti andre lokale lag o organisasjonar inn med partsmidel på eigarsida. dette synte seg å verte ei god ordning. Eigenkapitalen vart styrka, og etter kvart kunne planmessig vedligehald og opprusting setjast i gang. År for år vart Bygdahuset litt betre og litt tenlegare.

I oktober 2002 vart nytt tilbygg på 120 kvm teke i bruk. Her vart det plass til kontor og øvingsrom for kulturskulen, kombinert med garderoberom, kombinert med garderoberom og opphaldsrom for teater-folk, artistar og andre som har framføringar på scena. Samstundes vart innganspartiet bygd om og rusta opp med heis og toalett for rullestolbrukarar. I kiosken vart det montert oppvaskbenk med varmt og kaldt vatn. Scena vart ombygd og sett i stand med tidsmessig teknisk utstyr.

 

Målet vidare
Mange uløyste oppgåver står att, men står me saman om utfordringane kan mykje løysast. Røynslene syner at Bygdahuset har ein viktig funksjon for alle aldersgrupper. Balestrand Bygdahus vil etter kvart stå fram som eit verdig kulturhus for bygda og kommunen.

 

Velkomen til felles tak for ei god sak.