Friberg Kino Logo

Kino i Noreg

At det er ca 200 kinoar i Noreg?

• I 2016 var det 194 kinobedrifter, 202 kinobygg og 439 kinosalar. I tillegg vitjar Bygdekinoen 178 stadar utan fast kinodrift

• Det vert i Noreg omsett kinobillettar for over éin milliard kroner. Første gogn milliarden vart passert var i 2011. I 2016 vart det selv billettar for nesten 1,4 milliardar.

• Norske kinogjengarar legg att mykje pengar hos andre verksemder i samband med kinobesøket

• Kinodrift krev store investeringar. Noreg var det første landet i verda som digitaliserte alle kinoane sine. Dette var ei stor investering på over 300 millionar kroner, der både det offentlege (ved Film & Kino), distributørane, kommunane og kinoane sjølve bidrog. I løpet av dei neste 5 åra kjem kinoane til å investere 500 millionar kroner i mellom anne teknisk utstyr og oppgraderingar av bygg og anlegg. Innkjøpet av lokale varer og tenester utgjer om lag 250 millionar kroner i året.

• Kinobesøket i 2016 var rekordhøgt. Det endte på over 13 millionar besøk. Dette er det høgaste besøkstalet sidan 1983. Ikkje sidag 1975 har så mange kome for å sjå norsk film. Trass i nedlastingar og handhalden teknologi, elskar nordmenn å gå på kino.

• Alle kinoane i Noreg er medlemmar hos Film & Kino. Bygdekinoen er eigd og driven av Film & Kino, som også er den største eigaren av Den norske filmfestivalen i Haugesund

• Dei tre meste sette filmane i 2016 var norske. Det var Kongens Nei, Snekker Andersen og julenissen og Børning 2. I 2007 stod norske filmar for 16,4% av kinobesøka. I 2016 hadde dette tale stige til 23,9%. 27 norske filmar hadde premiere i 2016.

• 232 filmar kom på norske kinoar i 2016. Det er dete høgaste talet på 11 år. Filmar vert importerte både frå USA og rundt om i Europa. Med 67 europeiske filmar og 22 filmar frå andre land enn USA og Noreg, har norske kinoar eit breitt spekter av kvalitetsfilmar å by på

• Det er ikkje lenger berre film som vert vist på kinoane. I mange år har det blitt vist opera, ballett og konsertar på kino, og ein kan òg få undervising eller sjå E-sport (dataspel) der.

• Mange kinoar har kvalitetsfilmprogram der kinosjefen fungerer som redaktør for kustnarisk viktige filmar. Som døme kan nemnast filmperlene på Hamar og Lillehammer, og filmfråtsinga i Mosjøen. Svært mange kinoar har fokus på dette.

• Filmklubbane har framsyningar på kinoane i Noreg, og er eit viktig alternativ til dei vanlege programma.

• På litt større plassar tilbyr ein ofte eigne filmar for forskjellige grupper. Fleire kinoar viser soleis Bollywodd-filmar for eit publikum med hovudsakleg pakistansk og indisk bakgrunn. Lørenskog kino arrangerer kvart år ein eigen Bollywood-festival. Det vert også helde filmframsyningar for familiar og polakkar, og ein har føresstillingar på dagtid for nybakte mødre og pensjonistar.

• For ein del unge er skulekinoen det første møtet med film og kino. I samband med Den kulturelle skulesekken vert det organisert ei rekkje tiltak og aktivetar rundt omkring i landet. Film & Kino koordinerer Den store skulekinodagen, som vert arrangert første tysdag i februar kvart år. I 2017 deltok over 80 kinoar og 35 000 elevar på dagen.

• Den mest kjende nasjonale kinofestdagen er Den store kinodagen. Han fylte 30 år i 2017. Dei fleste kinoane i landet er med og lagar ein nasjonal fest med halv pris på kinobillettar. På denne dagen er det rundt 200 000 som vitjar kinoen.

• Kinoane vert også nytta til konferansar og eventar.

Noreg var det første landet i verda som digitaliserte alle kinoane sine.

• Det skjedde allereie i 2011 / 2012, og gav ei revitalisering av kino-Noreg og høgare besøkstal for dei mindre kinoane. Prislappen på digitaliseringa kom på 330 millionar kroner. Både det offentlege, kinoane sjølve og distributørane bidrog til dette løftet. I løpet av dei neste 5 åra kjem kinoane til å investere 500 millionar kroner i teknisk utstyr og oppgraderingar av bygg og anlegg.

• Noreg fører an den tekniske utviklinga av kinoane. Kinoane krev særs mange og tunge investeringar. Ein må ha projektorar, lerret, lydanlegg, stolar, kioskar, billettsystem osv. Mellom anne er lydsystemet Dolby Atmos, der ein har høgtalarar i eit nettverk i taket i tillegg til bak, på sidene og fremst i salen, mykje brukt rundt om i Noreg. Nordisk Film Kino i Oslo er den første kinoen i Norden med 4DX, og på Ringen på Grünerløkka kan seta justerast. Laser er på veg inn, og om nokre år vil LED-skjermar vere eit faktum. På Nydalen i Oslo opnar SF-Kino Noregs første IMAX-kino i 2018.

• Digitaliseringa gjer kinoopplevingar meir tilgjengelege for funksjonshemma. Både synstolking (lydlege skildringar av handlinga for svaksynte og blinde) og teksting for høyrselshemma har gitt fleire moglegheiter. Også norske filmar vert teksta.

• Fleire kinoar er miljøsertifiserte. Trondheim Kino var den førsste i landet til å miljøsertifisere verksemda si. Her vert avfallet kjeldesortert og ein sel brus og mineralvatn i pantbare einingar i staden for beger. Papirplakatane er bytte ut med digitale plakatar. Resirkulering av avfall står også sentralt.

• Kinofilmen fremjar besøk på dei andre plattformene: nedlasting, DVD/Blue-ray og TV.

• Det vert i Noreg omsett kinobillettar for over éin milliard kroner. Første gong milliarden vart passert var i 2011. I 2016 vart det selt billettar for nesten 1,4 milliardar

• Kinoen er ein viktig arbeidsgjevar på landsbasis. Så mange som 1600 personar jobbar full- eller deltid i og på kinoar rundt om i landet.

• Besøkstala for kinoane har vore stabile over lang tid, og 2016 var eit toppår med 13 millionar besøk. Sidan 1980-talet har talet på kinobesøk lege mellom 10,7 og 13 millionar. Dei siste åra har vore særs gode, og i 2016 vart det sett rekord. Besøkstala har vore jamt over høge samanlikna med nabolanda. Ned ein så spreidd folkesetnad er også kinoane fordelte over heile landet - frå Nordkapp kino i nord til Lyngdal kino i sør, og frå Florø kino i vest til Kirkenes og Kongsvinger kino i aust.

• Kinoane skaper aktivitet i bysentra. Ei kinoundersøking som vart gjort i Bergen i 2012, viser at publikum kvart år legg att mellom 151 og 163 millionar kroner hos andre verksemder i Bergen etter at kinobilletten og parkering/transport er trekt frå. Kinoen generer inntekter og arbeidsplassar også for andre verksemder. Ein ser at på mindre stadar kan kinoen vere med på å halde liv i ein kiosk eller liknande.

• På større stadar held kinoane ope frå tidleg på føremiddagen til seint på kvelden. Kinoane er soleis med på å skape liv og rørsle i byromma. Dei siste åra har det blitt langt fleire førestillingar på kinoane. Flesteparten av dei på dagtid.

• Kvart år kjøper kinoane lokale varer og tenester for 250 millionar.

• I filmforliket på Stortinget slo ein fast at ein ønskjer ei desentralisert kinodrift, det vil seie kinoframsyningar over heile landet. Dette er viktig for å oppretthalde eit kulturtilbod der folk bur, og for å ha busetnad over heile landet.

• Kino er filmfransyning slik regisøren vil at folk skal sjå filmane. 50% føretrekk å sjå film på kino.

• Kinoen er den første staden som ungdom kan gå til utan å ha følgje med ein vaksen. Det er eit trygt og kontrollert alternativ for ungdom.

• Kinoen er ein stad med andre typar aktivitetar. Filmklubbar har framsyningar og seminar. På dagtid vert det streama opera direkte frå The Metropolitan. Det vert arrangert skuleframsyningar og små, lokale festivalar.

• Kinoen kan ha lokale program der ein syner filmar som er laga av folk frå regionen.

• Dei fleste kinoane har babykino og pensjonistframsyningar med kaffe og vaflar. Mange eldre synest dette er hyggjeleg, sjølv om dei ikkje likar ordet "seniorkino".

• Det vert arrangert ca 80 filmfestivalar rundt om i det ganske land. Filmframsyningane finn då stad på kinoen.

• Bygdekinoen, som er driven av Film & Kino, har 178 spelestader over heile Noreg. Dermed er det ikkje slik som i nabolanda våre, at filmopplevingar berre er for dei som bur i by.

• Appar og digital teknologi har i seinare tid dessutan gjort filmopplevingar tilgjengelege for stadig fleire funksjonshemma.