Vi feirar oss sjølv i 2025!
Balestrand Ungdomlag er 150 år og
Friberg Kino er 75 år!
Klikk på bileta for stort format! |
A Minecraft Movie fredag 4. april kl 18.00 PREMIERE |
premiere 4/4
Velkomen til Minecraft-verda, der kreativitet ikkje berre hjelper deg å skape, det er avgjerande for å overleve! Ein kvartett med snålingar – Garrett «The Garbage Man» Garrison (Momoa), Henry (Hansen), Natalie (Myers) og Dawn (Brooks) – slit med heilt vanlege problem når dei plutseleg blir dregne gjennom ein mystisk portal inn i Oververda: eit bisarrt, kubisk eventyrland som drivast av fantasi. For å komme seg heim igjen må dei mestre denne verda (og beskytte ho mot onde ting som piglins og zombier) medan dei legg ut på eit magisk oppdrag med ein uventa eksperthandtverkar - Steve (Black). Eventyret deira vil utfordre alle fem til å vere dristige, og gjenopprette forbindelsen med eigenskapane som gjer kvar enkelt av dei unikt kreative ... sjølve ferdigheitane dei treng for å trivast i den verkelege verda.
Speletid: 1t 40 min Aldersgrense:
kr 100 |
Stoltenberg - Facing War fredag 4. april kl 20.00 PREMIERE søndag 6. april kl 17.00 onsdag 9. april kl 20.00 |
premiere 4/4
orig.tittel: Facing War
Eit unikt innblikk i Jens Stoltenberg sin siste periode som NATOs generalsekretær.
Med unik tilgang til NATO sitt «war room» tek vi med inn i maktspelet mellom verdsleiarar som Biden, Zelenskyj, Erdoğan og Orbán. Vi får eit sjeldent innblikk i diplomatiet og politikken i ei tid der tryggleik og framtid står på spel. Og vi kjem tett på Jens Stoltenberg både privat og som NATO-leiar.
Medan krigen i Ukraina rasar, overtaler USA sin president Joe Biden Jens Stoltenberg til å ta eitt år til som NATO sin generalsekretær. Under eit besøk i Kyiv, lovar Stoltenberg president Zelenskyj at alliansen skal stå ved Ukraina så lenge det er behov. Men, støtten frå dei allierte sviktar og dei politiske spenningane stig. Løftet heng i ein tynn tråd. Stoltenberg må navigere i dei politiske konfliktane og samle alle statsleiarane bak seg – alle NATO sine avgjer må være einstemmige.
Norsk dokumentar | språk: norsk og engelsk
Speletid: 1t 42 min Aldersgrense: 12 år Eigna for vaksne kr 100 |
Det kan bli endringar! Så følg med her på heimesida, på Facebook og oppslag i Holmen! |